søndag 14. februar 2010

Kjærleik

Eg og Andreas har vore på (gå) tur i dag, og fann ein nyopna kebab/pizza/digg-restaurant nedi høgge
her eg bur! LYKKE!
Så me ordna oss pizza half`n half og tok ann me heim og så på Noreg som dreit seg ut i OL, på NRK nett-TV.

Eg er framleis stappa, og klar for søvn. Denne veka skal me KUN dansa på skulen! Førestilling på fredag. Blood, sweat and tears, seier eg berre.


onsdag 3. februar 2010

Husmorskule

Eg og min kjære sambuar, Hanne, koser oss.

Kvar veke finn me nokre høve kor me har litt husmorskule i leiligheten vår.
Kvar ei kvinne, og kommande hustru, må lære seg grunnleggjande kokkekunstar.

I dag som døme, vart det FOCCACIA som trakk det lengste strået.




Hanne er allereie ei røyndomleg husmor, eg er
berre førebels på vandring mot tittelen. Ho dug, sjølvsagt.




Foccacia i omnen. mm






Hanne, eg og den nakne dama i bakgrunnen vart
lykkelege over resultatet.